KONGENS GULL.

TIL     SAXE BJØRKEDAL.

Saxe Bjørkedal fekk i dag overrekt , kongens fortjeneste medalje i gull av,
fylkesmannen Sogn og Fjordane,Oddvar Flæte.
På ein dag som ver messig stod heilt i stil med medaljen sin valør.

Denne medaljen heng svært høgt,Saxe er den første som er tildelt denne for frivillig
arbeid for kystkulturen

.     Etter utdelinga ved fylkesmannen stod talarane klare ,

med helsingar og gåver.
Leiar i Bjørkedal Kystlag Hans Peter Eidseflot,
ordførar Knut Bere,
kultursjef Brit Aarseth,
professor Arne Emil Christensen,
Lars Longva frå Sykkylven "Spleiselag",
Rasmus R Aarflot frå Volda Bygdetun,
Roar Sporstøyl frå stiftinga Sunnmørsjekta,
og sist men ikkje minst Sigbjørn Bjørkedal frå grannar og gode vener.

   Saxe ser no nøgd ut, sjølv om det ikkje er heilt
hans stil dette her.

Etter ei kort matøkt kom Saxe i sitt rette element, med forklaringar om båtar og rekonstruksjonar.

     

Og han hadde ei lydhør forsamling.
Deretter gjekk turen til oppgangsaga der Saxe sjølvsagt var sagførar
.
   

Ein flott dag for og på Bjørkedalen.