Forhistoria til rekonstruksjoen av

"SUNNMØRS JEKTA"

Håkonsholmen er ein gamal handelstad frå midten av 1600-talet . Seinare vart staden også tilhaldsstad for sorenskrivaren .                                                                                                 Materialane som er utgangspunktet for jekta som no er under bygging , skriv seg truleg frå ei jekt som høyrde til Hans O.Ytredimmen og som han leigde vekk til Nils Jakobsen Myklebust som då eigde Håkonsholmen . Dette var i 1740 – åra og er soleis ei jekt frå same tidsepoka som Hans Strøm skildrer i ” Beskrivelse av søndmør  som kom ut i 1762 .                                    

 Deler av tekst og teikningar har tidlegare vore offentliggjorde på : 1. Foredrag  ved seminaret ” Arkeologi og kystkultur ” på Sunnmøre museum 25 – 26/10 – 1997 .                2. Foredrag ved båttreffet på Sunnmøre Museum 1999 .

 3. ”Båtbord på veggar og tak”  . Seminar på Herøy kystmuseum  den 1. og 2. April 2000 .

Det var Kjell Håvard Hatløy som sommaren 1994 fortaIde meg om restane av ei jekt som er å finne i eit naust og på ein lødevegg på Håkonsholmen utanfor Ulsteinvik .

Etter båttreffet i Borgundgavlen der professor Arne Emil Christensen var kåsør tok vi turen til Håkonsholmen .

 

Det som slo meg med det same eg såg dei tre nedste borda og med restane av ein hu som

måtte vere omlag midt i båten, var den forholdsvis store krumminga som borda hadde, og som slett ikkje stemmer med det ein hadde venta seg på ei jekt .

På ettersommaren var eg ut saman med Kjell Håvard og teikna opp alt vi fann og som kunne stamme fra jekta .Eg starta opp arbeidet med jekta ut i frå ynskje om at klarar eg å få ein båt av det, så ligg allereie det i overkant av kva dei fleste trudde var mogeleg .

Etter kvart som eg jobba, endra eg målsetjinga til at med det foreliggande material skulle

ingen kome nærare ein truverdig rekonstruksjon enn eg. Dette hadde jo sammenheng med at  det skal noko til at nokon med tilsvarande bakgrunn ville kunne ofre eit halvt år eller kanskje

eit år på jobben utan å ha noko for det. Den ramma er sprengd for lenge sidan , men so ser det no ut for å bli jekt .og då tykkjer eg det har vore bryet verdt .

 

  skisse1 

 

Denne viser midtpartiet av dei 4 nedste borda i eit 4 m. langt flak. At det er frå midten viser skjervingane og at flaket er breidast på midten. Naglehol som eg har merka med 13,14 og 15 viser at der har vore eit ekstra spant, og det er då rimeleg å tru at det har vore plassert der på grunn av mastra. Vinkelen mellom bord l og 2 rekna nedanfrå , viser at dette er det nedste bordet .

 

 

Ytterligare særtrekk er naglehol nr. 1- 5- 9 -19- 23. Eit eller anna må ha vore fastneglt

mellom spanta , og det er rimelig å tru at det har vore innfelt plankestubbar for å halde austren vekke i frå lasta når jekta rulla. At jektene har vore utstyrt med tylefar er eg nokså overtydd om når eg ser at med eit 4 toms høgt kylsvin vil dette fylgje 4.bordet frå framkne til bakkne 

skisse1a

 

.

Dette har verka stabiliserande i og med å hindre tyngdepunktsforskyving i sjøgang. Å kalle det verdas fyrste stabilisatortank er kanskje å gå litt langt , men kven veit ? Sunnmøringane har vore fyrst med så mangt , så kvifor ikkje .

 

skisse2

 

Her har eg laga eit diagram over dei 3 vestlandsjektene som finst att , nemmeleg Holmedalsjekta , Skåsheimsbåten og Holevikjekta ,og rekna med at sunnmørsjekta ikkje skiIde seg mykje ut når det gjaldt forholdet mellom lengd, breidd og djupn .Sistnemnde er så spesiell at eg har lagt kurven litt ned, som eg trur stemmer betre med ei 1700-tals bondejekt . Eg har også lagt inn ein kurve for L/B , og det er særleg denne som gjer at eg ikkje torer å bruke Holevikjekta fullt ut .

 

Kor mykje kan ein lite på ei slik kurve ? Etter ca.40 år i industrien er eg ikkje i tvilom at det er både den enklaste og lettaste måten å kome fram til eit bra resultat. Som eg skal vise

seinare er avstanden frå spunning til rip ein tilnærma rett verdi for denne båten. Botnreis og

kimingsradius har liten innverkning på dei andre variable verdiane.

 

  skisse3

 

 

Her har eg variert halvbredda med l0 cm. smalare/breidare båt. Resultatet er at djupta vert høvesvis 1,83 og 1,53 M. På skisse 2 ser ein då at korkje bredde og djupn med blått , eller grønt verkar særleg truverdig. Skal eg bruke same forholdet mellom L og B som på Holevikjekta må eg nesten redusere lengda med ein halv meter, men i så fall blir djupna 1,76 M. , og dersom dette er rett burde Holevikjekta vore 3,35 M. djup. Men den båten er djup nok !

 

De får orsake at eg brukar så mykje tid på desse kurvane, men de må ha forståelse for at det fins ikkje andre tekniske opplysningar om vestlandsjekter enn det Hans Strøm har skreve ; og det som går fram av desse 3 jektene.

 

 

Mitt problem har då vore at Holmedalsjekta er på 3 lester og Holevikjekta er på 62 lester. Eit

glimrande utgangspunkt for ein kurve, men ingen ting om sunnmørsjektane som H. Strøm seier var fra 10 til 30 lester .

 

skisse3a

 

Eg har tillete meg å lage ein kurve med lester som funksjon av lengda og her er då Håkonsholmjekta hamna på 15 lester. Dette ligg også nokså nær det eg har rekna ut. Det er greitt at ein lest er 12 tunner , men spør du nokon kor stort kubikkinnhald dette er, så får du problem med å få eit eintydig svar. Å byrje med å stable tunner på ein modell har i alle fall ikkje eg tenkt å prøve på , og langt mindre på ei teikning .

 

I året 1800 viser inngåande tollbok at vel 200 Nordlandsjekter kom til Bergen. Den største

var på 34 lester og den minste på 2 .Dei minste jektene kom frå Namdalen, og om desse seier Gøthe Gøthesen i Norskekystens fraktemenn : (Sitat)

 

" Disse var stort sett på 6- 7 lester og kan kanskje ha vært bortimot 35 - 40 fot lange "

 

Sitat slutt .

Den blå prikken er på 6,5 lest og 38,5 fot. Dette tilsvarer det som på sunnmørsk kallast for

Tendringar eller Sambøringar  

 

skisse3b

 

 

Viser bordbredden bakanfor / framanfor mastra på dei 4 jektene. Her har då Håkonsholmjekta den typiske framenden som ein finn på alle andre sunnmørsbåtar .  

 

 

  skisse4

 

 

Viser spantprofiler av spanta frå forskipet. Midtspantet slik eg trur det har sett ut innteikna

med raudt .

 

 

skisse4a

 

 

Viser det einaste spantet frå akterskipet, og sjølve spantet og spesielt neste bordet på dette spantet var det fyrste signalet om at det var ei jekt ein hadde med å gjere .Eit bordforløp som fyl dette spantet må nødvendigvis ende i ein spegel .

 

 

  skisse5

 

   

 

Tok for moro skuld og samanlikna spant "a " med fasongen på spant 17 på Færøyvik si linjeteikning av Holevikjekta .Dette har då samanheng med at HoIevikjekta har bein kyl medan eg måtte lyfte kylen omlag i frå fremste tredjeparten for at springen eller øvste bordet skulle få eit rett forløp .  

 

  skisse6

 

  

I og med at ein har oversuda på bord nr. 4 har ein undersuda på bord 5 , og som finst i 2,5 m. lengde midt i båten. Dette ser ein av krumminga, men også av eit nagleho1 for ekstraspantet.  

 

skisse7

 

 

Viser bord 6 og 7 .Bord 6 er mykje smalare enn dei andre og nesten beint. Dette gjer at ein kan plassere det i overgang botn/kiming og i område der ein har den største svengja mot

spegelen .

 

Det høyrest kanskje rart ut, men bord 6 var det vanskeIegaste å plassere, eller det som kravde

mest av tilpassinga av dei andre tilstøytande borda .Men når det var gjort , er det dette bordet som gjer meg mest sikker på at eg er komen fram til korleis båten må ha sett ut. Når ein har vinkelen mellom 6 og 7 i spantet ( skisse 5 "B"), så er bordet i virkeligbeita fastlåst til å vere berre på ein plass, nemleg den rette . Eg jobba vel omlag ein månad med desse borda .

 

Ein må hugse på at eg visste jo ikkje bordbreddene eller vridningsvinklane , spesielt på 4 og 5 akter, men som nærmast vart ei fordelingssak når 6 var plassert .Legg merke til vinkelen mellom 6 og 7 på skisse 7 som stemmer med vinkelen på spantet. At dei to bordeiningane gjeld dei same to borda er heller ikkje særleg tvil om .At ein finn minst slitasje på nr 7 viser at det må ha vore på ein godt beskytta plass på båten og det finst vel ikkje betre plass i så måte

enn der det er .

Det som har forbausa meg mest er at alle delane som er att av denne båten kvar på sin måte gjev ein så tydeleg karakteristikk av plassen dei kjem frå og dermed fortel korleis båten har

sett ut, og med marginar på ned til ein halv centimeter på bordforløpet for å kome fram til rett

fasong .  

 

skisse8

 

 

Desse borda fortel jo med ein gong kvar dei høyrer heime. Vinkelen mellom borda , og at dei er nesten beine i tillegg til at det øvste er breidast i akterkant fortel at det må vere nr. 10 og

11 .

 

12 kan det ikkje vere , til det er det for smalt og så har det saumrad i overkant frammanfor ein eventuell væng .

 

Kvifor kan det ikkje vere nr. 9 som manglar heilt ?

 

Då må ein sjå på området som 8,9 og l0 skal dekke. Bord 6 som ligg i største innsvingen på spegelen er breidast akter. Bord 7 er praktisk talt jamnbreidt .Bord 8 er då kome opp i det området på spegelen der denne skal dekkast av same borda som skal dekke den delen av kiminga som krev dei breidaste borda på midten av båten. Difor må dette bordet nødvendigvis smalne akterover. Det same gjeld i endå større grad nr. 9 som er kome opp i den delen av spegelen som er mest runda og som må vere smalast akter .

Ja, så har ein berre 10 og 11 att , og det passar som hand i hanske. Sjå berre teikninga til

Hans Strøm eller maleri av Hans Gude av vestnorsk jekt så skynar ein at bord 11 kan vere

breidast akter .                     

Framenden på jekta er ikkje mykje å seie om. Spanta gjev ikkje så stort spelerom : Spant 3 (skisse 5, fig."C") såg ut for å vere skamfert i og med at det hadde eit hakk på innsida og var avhogge på tjukta. Eg grunda på dette i fleire månader og trudde vel ikkje at eg skulle kome til noko løysing på dette  . Men som så ofte før var det Hans Strøm som skulle gi svaret .

I motsetning til alle andre jekter langs kysten var sunnmørsjektene ,  og no får eg sitere Strøm :

 

"Foran forsynede med en kort kabysse eller halvdæk hvorunder står et fyrsted tillige med

 

nogle senge til tieneste for skibsfolket som der har sitt tilhold ".

 

 

Såre enkelt, ikkje sant; mannen i overkøya eller båtbyggjaren har ganske enkelt garnert mot spanta for å få det "mer bekvemt" .

Det er jo fjerna ein del av spantet, men av same grunn får ein ei bein line over dei tre berørte spanta i sengehøgde .Det kan no hende at det er gjort for å halde turre sengekleda og det skal ikkje forundre meg at dei to ekstra borda framme er plassert der av same grunn .Framleis kallast fremste bordet på fjørefar for Kjempene og uttrykket Underkjempene som har vore i bruk om nest øvste bordet kan godt hende skriv seg nettopp i frå jekta der eg personleg har vanskar med å skyne at det kan kallast noko anna .

At det var vanskeleg å få heilt tett er lett å forstå når halvdekket måtte ligge ut mot bordinga , så kjempene kom nok godt med for å halde sjøen av båten .

Eg spør meg sjølv om han som har brukt båtrestane har tenkt at når det går eit par hundre år vil gjerne ein eller annan verte nyskjerrig på kva slags båt dette har vore og difor har han med omhug valgt ut akkurat så mange deler at ein skulle ha ein rimeleg sjans til å få dette til. Dette er sjølvsagt berre tull og må ikkje oppfattast for anna , men eg tykkjer det er ganske fantastisk at ein med dei relativt små mengdene med material har så mange haldepunkt at halvparten av rekonstruksjonen etter mi meining ligg innanfor ein feilmargin på eit par centimeter og for resten på eit par tommar .  

  skisse9

 

Skisse 9 viser ei samanlikning av jekta med andre sunnmørsbåtar som var i bruk på Hans Strøm si tid.

 

skisse10

 

 

Skisse 10 viser ei samanlikning av Håkonsholmjekta i svart og skilnaden på denne og ei stor jekt på 22 lester som er berre 1,25 m. lenger .Den viser også at ingen av desse kunne ta råa ned på vaterbordet , noko som etter mi meining heller ikkje var ynskjeleg .  

skisse11

 

 

 

SUNNMØRSJEKT      

   Saxe Bjørkedal.