NØRDALEN PÅ BJØRKEDALEN

Her er litt om garden Nøre Bjørkedal

gnr.91

 

 

NØRDALEN.jpg (12032 bytes)

Garden ligg på nøre sida av Bjørkedalsvatnet og var før det kom vegsamband, mykje innestengd av Bjørgene, ein fjellhammar

som ligg på nordsida av garden.

Bjørkedal nøre har visseleg ein gamal busetnad. Det syner dei jordfunna som er gjort.Ei kvinnegrav frå yngre jernalder vart

utgraven i  1943. Ho låg i ei skråning 200 m. nordaust for stova i ein åker "steinåkeren". Det vart funne 2 par gylte brosjar,

ei pyntenål av bronse, ein liten kniv, molar av eit hestebeksel. Det har tidlegare vore gjort funn på same staden som er tapt,

m.a.eit sverd og ei øks. Ei anna røys "pengerøysa",vart for mange år sidan utgraven og om der vart gjort funn er ikkje kjent.

Garden er og kalla "Ottarsdalen". Det er eit personnamn Ottar. Kva tid han levde og noko segn om han er ikkje kjent.

Ei gamal bustjingssegn fortel at fyrste mannen som bygde i Bjørkedalen, heitte Ottar. Han budde påN.Bjørkedal.

Han hadde to søner. Den eine heitte Sigurd, og han rydde S.Bjørkedal. Den andre sonen rydde i Olden.

Ei anna gamal segn seier at to vikingar frå Bjørkedalen heldt slag ned på Hovdehalsen. Den eine heitte Byrge og den andre

Grene. Korleis det gjekk, fortel ikkje segna noko om, men Byrge namnet er mykje nytta i N.Bjørkedal i eldre tider og

mange stadnamn i skog og på fjellet har dette namnet,så som Byrgevatnet,Byrgeåkeren,Byrgelida, Byrgedalen o.fl.

Garden var i bruk i vikingtida(800-1000). Her var storfolk som vart hauglagd på stor vis.

Namnet vart i 1338 skrive Bjorkudale, 1367 Biorkudall og Biorkkudale,1520 Berkedall. I dei seinare tiendelister

frå 1603 og framover Bierckedall, Berkerdall, Norbierckedall m.m I ei kvittering så seint som i 1805 frå Rasmus Lampe

i Bergen vart det skrive Bjørgedal. O. Rygh meiner at det er eit gamalt elvenamn "Bjarka". Men det er lite truleg.

Trulegast har namnet samanheng med g.n. bjør, som ein kjenner i fleire former som Bjør(lad) eller Bjørg (jamf. Bjørgene)

Bjørgene stengde som ein vegg for samferdsla i gamal tid.

I frå 1600 talet og fram ti l 1900 var det 5 bruk . No er det 14 bruk på Nøre Bjørkedal.